
·
Eirik risholm velle fortel skrØner frå gjesteboka
I samband med 50-årsjubileet har vi invitert Eirik Risholm Velle til ei uformell høgtlesing frå gjestebøkene frå dei siste fem tiår. Her har det vore skreve helsingar, teikna og forklart ein ting og to om verden frå både lokale pokalar og internasjonale jazzstjernar.

·
SKO – Sunnmøre komponistorkester
Jazzklubben startar jubileumshelga med ein konsert med eit knippe lokal(regional)e heltar som har samla seg i ensemblet SKO – Sunnmøre Komponistorkester. Lena Nymark er opphavskvinna til idéen med orkesteret – som skal gje musikarar i regionen høve til å skrive for større ensemble.Dei har allereie hatt fleire konsertar, men berre i Ålesundsregionen så det er…

·
JUBILEUMSKONSERT – AndreaS ROTEVATN
Gjer deg klar for ein kveld med ein av landets mest allsidige og spennande jazzmusikarar! Trombonisten, komponisten og produsenten Andreas Rotevatn (f. 1989) er oppvaksen på Nordfjordeid og har etablert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv. Med utdanning frå både Griegakademiet og Norges musikkhøgskole har han opparbeidd seg ein unik breidd—anten han spelar…

·
JUBILEUMSJAZZKAFE med UBERJAM og Jazzprat om 50-åringen
På femtiårsdagen til Jazzklubben må det sjølvsagt vere Jazzkafé. Vi får besøk av Uberjam frå Ulsteinvik som spelar to sett, men imellom setta har vi invitert representantar frå Jazzklubben si historie til ein utvida Jazzprat. Her kjem vi til å få høyre frå Jazzklubben si spede byrjing og fram til i dag. Uberjam spelar instrumental…

·
JILB – Plateslepp
JILB har spelt inn plate på Giske, og det er ei glede for Jazzklubben å arrangere konsert med JILB i samband med utgjevinga. Bak initialane JILB finn vi ingen ringare enn pianist John Inge Leira Bjøringsøy, frå Bjørke. Han er organist i Ørsta og geitebonde på Leira i Hjørundfjorden, men ikkje minst ein mykje nytta…

·
Jazzkafé – FunkUps
FunkUps har som vanleg lege i hardtrening, med innlagt høgdeopphald, og stiller med nybørsta sko og vasskjemd hår (dei som har hår igjen…). Vi ser fram til å starte jazzcafe i Volda og stiller med funkinspirert jazzsoul, og nokre vokale islett. FunkUps er: Svein Ole Hunnes, bassStein Lied, trommerØyvind Lied, tangentarSvein Olav Kruse, gitarIvar Kvangardsnes,…

·
Holy Ghost Band
Laurdag 30. mai inviterer Jazzklubben til konsert med Holy Ghost Band. Bandet lovar ein sommarleg og stemningsfull konsert på Tredet i Volda.

·
Oddbjørn Blindheim Trio 2026
Jazzklubben Volda Ørsta Etter at vi måtte avlyse konserten med Oddbjørn Blindheim Trio sist, er det ei ekstra stor glede å invitere på nytt. Denne gongen har Oddbjørn med seg…

·
Jazzkafé Blue Horn 2026
Jazzklubben Volda Ørsta Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, men har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg. Gode melodilinjer i…
