Om oss
Jazzklubben Volda Ørsta blei stifta i 1976 og er ein av dei eldste jazzklubbane på Vestlandet. Me arrangerer 10–15 konsertar i året på intime scener i Volda og Ørsta. Klubben er driven på frivillig basis av eit engasjert styre og eit nettverk av jazzelskjarar i regionen.
Det me vil
- Presentere musikk med stor breidd innanfor jazzen — lokale, regionale og nasjonale utøvarar side om side.
- Gi lokale musikarar, særleg unge, ein arena å spele på.
- Vere ein sosial møtestad der publikum kjenner seg heime.
Klubben er medlem av Norsk Jazzforum og Midtnorsk Jazzsenter.
Scener
Me nyttar fleire scener i Volda og Ørsta, tilpassa kvar konsert.
- Tredet — hovudscena vår sidan 2024. Sentral bar og møtestad ved sjøfronten i Volda, rehabilitert i 2021. Bord, bar, uteareal og rundt 80 sitjeplassar.
- Studenthuset Rokken — nyttar me til større konsertar. Rokken Scene har plass til ~450 publikum og er utstyrt med profesjonell lys- og lydinfrastruktur.
- Ørsta kulturhus — kinosal med 324 amfisete, festsal for 300. Brukt når konserten krev ei større ramme.
- Salen Aasentunet — akustisk designa rom med 100+ amfisete, konsertflygel og profesjonelt PA-anlegg. Ideell for akustisk jazz.
- Volda Kyrkje — vakker kyrkjescene med ~700 plassar, eigna for kor og akustiske besetningar.
- Porse og Klangfabrikken — mindre scener som me nyttar for jazzkaféar og intime produksjonar.