
FOTO · VEGARD HOLUM SINGS – EIN HYLLEST TIL CHETJK · 2025
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Få ein pangstart på jazzåret 2025 med Vegard Holum sin hyllest til Chet Baker. Her vert det cooljazz der Holum utforskar sine Chet-favorittar, saman med medmusikantane Norvald Dahl, Børre Dalhaug og Lars Martin Vik. Tredet, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Vegard Holum (f. 1985) er ein musiker og komponist frå Fosnavåg med utdanning frå Universitetet i Agder og Norges Musikkhøgskole. Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart han tidlig opptatt av melodien. Korleis den heilt på egenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske elementer. Som aspirerende jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innen melodisk trompetspel, Chesny Henry Baker Jr. Chet. Hans uanstrengte og horisantale melodiføring over hyppige akkordskifter var djupt fascinerande. Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans. Han berre var musikken. Kombinert med ein filmstjernelook og laidback stil fekk han tilnamnet «Prince of Cool». No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt nostalgiske univers. Han vil plukke ut sine favoritter i katalogen og tar på seg hatten som både trompetist og vokalist. For å tolke musikken har han fått med seg svært kompetente musikere og inviterer til ei stund i cooljazzens teikn. Her er det åpning for å ta på seg sin kulaste dress og drøyme seg vekk til ein kabriolet som susar nedover highwayen i California. Saman klarar vi kanskje å frambringe tilstrekkelig royal stemning slik at prinsen får den hyllesten han fortjener. Vegard Holum – trompet og vokal Norvald Dahl – piano Lars Martin Vik – kontrabass Børre Dalhaug – trommer
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!