
FOTO · QUESTJK · 2024
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Impro-bandet Quest har halde det gåande i over 20 år. Dei fire musikarane har ulik bakgrunn, men gjennom mange års samspel har dei utvikla ein tett musikalsk kommunikasjon med eit særprega uttrykk. Impulsane kjem frå moderne jazz, rock, folkemusikk og samtidsmusikk. Tredet, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Andreas Barth – perkusjon, elektronikk Erik Fooladi – perkusjon Geir Hjorthol – trompet, stemme, elektronikk Torleif Sagstad – el-gitar, elektronikk Impro-bandet Quest har halde det gåande i over 20 år. Dei fire musikarane har ulik bakgrunn, men gjennom mange års samspel har dei utvikla ein tett musikalsk kommunikasjon med eit særprega uttrykk. Impulsane kjem frå moderne jazz, rock, folkemusikk og samtidsmusikk. Musikken til Quest er prega av store kontrastar, med veksling mellom meditative lydlandskap og fritonale lydeksperiment. Lyden frå instrumenta (perkusjon, trompet, el-gitar) kan også bli supplert av sampla lydar frå omgjevnadene (natur, stemmer, støy) som blir integrerte i musikken gjennom elektronisk bearbeiding. Slik ynskjer musikarane i Quest – gjennom kollektiv improvisasjon – å kommunisere ikkje berre med kvarandre, men med verda rundt oss. Kjøp billettar hjå Tikkio her.
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!