
Andre konsertar i programmet

JILB – Plateslepp
JILB har spelt inn plate på Giske, og det er ei glede for Jazzklubben å arrangere konsert med JILB i samband med utgjevinga.

JUBILEUMSJAZZKAFE med UBERJAM og Jazzprat om 50-åringen
På femtiårsdagen til Jazzklubben må det sjølvsagt vere Jazzkafé. Vi får besøk av Uberjam frå Ulsteinvik som spelar to sett, men imellom setta har vi invitert representantar frå Jazzklubben si historie til ein utvida Jazzprat. Her kjem vi til å få høyre frå Jazzklubben si spede byrjing og fram til i dag.

JUBILEUMSKONSERT – AndreaS ROTEVATN
Trombonisten, komponisten og produsenten Andreas Rotevatn (f. 1989) er oppvaksen på Nordfjordeid og har etablert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv. Med utdanning frå både Griegakademiet og Norges musikkhøgskole har han opparbeidd seg ein unik breidd—anten han spelar med storleikar som Jaga Jazzist, Fieh, Cezinando og Ytre Suløens Jassensemble, eller komponerer for det prisbelønte komponistkollektivet OJKOS.