
FOTO · LEAHJK · 2025
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Denne fredagen kjem Leah Engevold sin sekstett til Volda. Stikkord som soul, pop, leikent og fengjande karakteriserer eitt av dei beste nye banda i landet. Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway LEAH er eit jazzpopband beståande av seks unge og dyktige musikarar med base i Oslo. Med kryssing mellom jazz, pop og soul, er musikken leiken og dansbar med fengjande hooks og med ein energi som fort kan både gi nakkesleng og hofteprolaps, uansett aldersgruppe. LEAH LEVERER ei HERLEG blanding av retro pop, funky Jazz og EKTEFØLTE tekstar som både får deg til Å le, gråte og danse. Med leikne låtar, ei sjarmerande og kraftfull blåserekkje og gitarsoloar som går rett i hjartet, skaper dei ei stemning som er umogleg å motstå. Med debutalbumet sitt “Zzz” har jazzpopbandet LEAH allereie rokke å plassera seg på kartet over unge, lovande. Omtalt som “dei beste nye banda i landet” av Jazz i Noreg, og med lovord frå Dagens Næringsliv og andre toneangivande media er LEAH klar til å innta dei store scenane. Leah Engevold – vokal, keys og låtskriver Kristina Fransson – trompet og vokal Emil Bø – trombone Halvor Dokke – trommer Tevje Fjugstad Flaate – gitar Henrik Bakka – bass
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!