
Gjer deg klar for ein kveld med ein av landets mest allsidige og spennande jazzmusikarar!
Trombonisten, komponisten og produsenten Andreas Rotevatn (f. 1989) er oppvaksen på Nordfjordeid og har etablert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv. Med utdanning frå både Griegakademiet og Norges musikkhøgskole har han opparbeidd seg ein unik breidd—anten han spelar med storleikar som Jaga Jazzist, Fieh, Cezinando og Ytre Suløens Jassensemble, eller komponerer for det prisbelønte komponistkollektivet OJKOS.
Med heile 9 Spellemann-nominerte eller -vinnande plater på cv-en og Jazzprisen for «Årets verk» i bagasjen, kjem han til Volda med sitt eige prosjekt.
Nytt album ute 4. september!
Ferskt ut frå studio kjem hans nyaste soloprosjekt, der han viser sine evner som både låtskrivar og produsent innan eit meir populærmusikalsk landskap. Dette blir ein strålande sjanse til å oppleve heilt ny musikk live!
💡 Les meir om Andreas og prosjekta hans på andreasrotevatn.no

“Tenk at musikk kan vere so leiken og innfallsrik, so energisk, drivande og kødden, so smart og so dum! Musikken er pop, men ikkje popete. Det er jazzete, men ikkje jazz. Men kven bryr seg eigentleg om sånne kategoriar? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk. 6/6” (Joakim R. Bertelsen, konsertanmeldelse i Bergens tidende).
Bandet består av:
Andreas Rotevatn – trombone, tangentar & vokal
Johannes Nøkling Aagard – gitar
Leo Geller – bass
Elias Tafjord – trommer
Andrea Horstad – vokal
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!