JILB – Plateslepp
FOTO · JILB – PLATESLEPPJK · 2026
✦ Kveldskonsert

JILB – Plateslepp


Dato
torsdag 10. september 2026
Tidsrom
20:00-22:30
Stad
Tredet
Om konserten

JILB har spelt inn plate på Giske, og det er ei glede for Jazzklubben å arrangere konsert med JILB i samband med utgjevinga.

Bak initialane JILB finn vi ingen ringare enn pianist John Inge Leira Bjøringsøy, frå Bjørke. Han er organist i Ørsta og geitebonde på Leira i Hjørundfjorden, men ikkje minst ein mykje nytta og omtykt pianist. Stikkord her er allsidigheit – både i sjanger og uttrykk; Her får du alt frå det enkle og vare til det teknisk avanserte og frapperande. I tillegg til Jon Inge får vi Carlos Alberici på trommer og Svein Hunnes på bass.