Jazzkafé M. Überjam
FOTO · JAZZKAFé M. ÜBERJAMJK · 2024
✦ Kveldskonsert

Jazzkafé M. Überjam


Dato
laurdag 2. november 2024
Tidsrom
14:00-22:30
Stad
Tredet
Billettar
Utseld
Om konserten

Bandet spelar instrumental gladfunk frå tida då jazzrock og jazz-pop kom til Sunnmøre, og dei hevdar sjølv at dei starta bandet sidan dei kun høyrte på slik musikk uansett.

Überjam haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå mellom anna Koinonia, Lee Ritenour Wes Montgomery, Pat Metheny samt nokre eigne låtar vert

servert i lettfatteleg innpakning. Serveringa er relativt uformell, og bandet gler seg over at dei som glade amatørar også kan få spele denne trivelege musikken.

Bandnamnet «Überjam» vil ein jazz-kjennar lett kunne sjå som ein hyllest til legendariske John Scofield, som i 2002 gave ut ein LP med same namn. Den første

av to, sjølvsagt.

Überjam sine coverlåtar er eit minne frå den tida der alt med ”slaphand” bassing og clean chorus «gitarplukking» vart omtala som ”West coast” uten at vi ana kvifor.

Responsen frå publikum har vore overveldande, og med lett (og sjeldant faktasjekka) låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor gjer dette til ein minnerik og

uforgløymeleg session. 

Bandet satsar for fullt med flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet og spelar svulstige gitar- og keyboardriff, trommeovergangar du aldri meir

høyrer og bassgrooves som eigentleg har gått ut på dato, men som du garantert nynner med på…

Det heile blir gjerne servert med gode gamle (rundt 60 år gamle…) Hammond b3-lydar og god stemning – ofte til eit publikum av kjennarar som utruleg nok ofte har

vore på konsert med Überjam før utan å ta nemneverdig skade ser det ut til…

Überjam består av

  • Rune Ertesvåg; gitar
  • Bertil Tødenes; Trommer
  • Peter Demirov; Tangentar
  • Jan Thormodsæter; bass.