JUBILEUMSJAZZKAFE med UBERJAM og Jazzprat om 50-åringen
FOTO · JUBILEUMSJAZZKAFE MED UBERJAM OG JAZZPRAT OM 50-åRINGENJK · 2026
✦ Jazzkafé

JUBILEUMSJAZZKAFE med UBERJAM og Jazzprat om 50-åringen


Dato
laurdag 26. september 2026
Tidsrom
13:00-17:30
Stad
Tredet
Om konserten

På femtiårsdagen til Jazzklubben må det sjølvsagt vere Jazzkafé. Vi får besøk av Uberjam frå Ulsteinvik som spelar to sett, men imellom setta har vi invitert representantar frå Jazzklubben si historie til ein utvida Jazzprat. Her kjem vi til å få høyre frå Jazzklubben si spede byrjing og fram til i dag.


Uberjam spelar instrumental gladfunk frå tida då jazzrock og jazz-pop kom til Sunnmøre, og dei hevdar sjølv at dei starta bandet sidan dei kun høyrte på slik musikk uansett. Überjam haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå mellom anna Koinonia, Lee Ritenour Wes Montgomery, Pat Metheny samt nokre eigne låtar vert servert i lettfatteleg innpakning. Serveringa er relativt uformell, og bandet gler seg over at dei som glade amatørar også kan få spele denne trivelege musikken.

Bandnamnet «Überjam» vil ein jazz-kjennar lett kunne sjå som ein hyllest til legendariske John Scofield, som i 2002 gave ut ein LP med same namn. Den første av to, sjølvsagt. Überjam sine coverlåtar er eit minne frå den tida der alt med ”slaphand” bassing og clean chorus «gitarplukking» vart omtala som ”West coast” uten at vi ana kvifor.

Responsen frå publikum har vore overveldande, og med lett (og sjeldant faktasjekka) låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor gjer dette til ein minnerik og uforgløymeleg session. Bandet satsar for fullt med flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet og spelar svulstige gitar- og keyboardriff, trommeovergangar du aldri meir høyrer og bassgrooves som eigentleg har gått ut på dato, men som du garantert nynner med på. Det heile blir gjerne servert med gode gamle (rundt 60 år gamle…) Hammond b3-lydar og god stemning – ofte til eit publikum av kjennarar som utruleg nok ofte har vore på konsert med Überjam før utan å ta nemneverdig skade ser det ut til…

Überjam består av:

  • Rune Ertesvåg; gitar
  • Bertil Tødenes; Trommer
  • Peter Demirov; Tangentar
  • Jan Thormodsæter; bass.