Jazzkafe med trio paisible
FOTO · JAZZKAFE MED TRIO PAISIBLEJK · 2026
✦ Jazzkafé

Jazzkafe med trio paisible


Dato
laurdag 28. november 2026
Tidsrom
14:00-16:00
Om konserten

Trio Paisible er ein relativt nystarta jazztrio med Sigrid Myklebust (Nordfjordeid) på vokal, Pål Andreas Berntsen (Rossfjord) på piano og Dan Aasebø (Folkestad) på gitar. Dei spelar som regel låtar frå standard jazz repertoaret, og likar å ta det med ro. Med ein hang for lett melankolske og vakre ballader så det går ofte i den gata, ispedd eit og anna meir fartsfyllt nummer. Sidan det nærmar seg jul er det nok ein sjanse for at vi får høyre noko som passar årstida.

Trioen, her ikledd kledeleg mørke sceneantrekk.