
Andre konsertar i programmet

Jazzkafé – FunkUps
FunkUps har som vanleg lege i hardtrening, med innlagt høgdeopphald, og stiller med nybørsta sko og vasskjemd hår (dei som har hår igjen…).

JILB – Plateslepp
JILB har spelt inn plate på Giske, og det er ei glede for Jazzklubben å arrangere konsert med JILB i samband med utgjevinga.

JUBILEUMSJAZZKAFE med UBERJAM
Bandet spelar instrumental gladfunk frå tida då jazzrock og jazz-pop kom til Sunnmøre, og dei hevdar sjølv at dei starta bandet sidan dei kun høyrte på slik musikk uansett. Überjam haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå mellom anna Koinonia, Lee Ritenour Wes Montgomery, Pat Metheny samt nokre eigne låtar vert servert i lettfatteleg innpakning. Serveringa er relativt uformell, og bandet gler seg over at dei som glade amatørar også kan få spele denne trivelege musikken.