
FOTO · JAZZ OG POESIJK · 2026
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Det har lenge vore ein draum å arrangere Jazz og poesi i Jazzklubben og i løpet av 2026 får vi det til! Det er berre å gle seg til Henrik Dalen som har fått med seg slampoet Pär Thörn og Inga Stenøien på gitar. Dette vert tøft! Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Volding og kontrabassist Henrik Sandstad Dalen tek med seg to av sine favorittmusikarar til Tredet denne laurdagen for ein spanande kveld med poesi og improvisert musikk! Henrik Sandstad Dalen har det siste tiåret gjort seg kjend i hovudstaden, det ganske land og på kontinentet med grupper som Sex Magick Wizards, Trondheim Jazzorkester, Dahl/Dalen/Søvik og Ole Mofjells 3 Days of Maceration. Sistnemnde gruppe vitja Sommarljom med stor suksess i 2024. I dette høve har Dalen satt saman ein flunkande ny trio beståande av Inga Stenøien, som dei siste åra har skapa furore i inn- og utland for si særs uortodokse tilnærming til den klassiske gitaren, og den legendariske Gøteborgsbaserte lydkunstnaren, performanceartisten og avantegardistiske poeten Pär Thörn (SE). Ta med opne øyrer og eit opent sinn for det som utan tvil blir eit ekstravagant lyd- og poesigilde på Tredet denne laurdagskvelden! Pär Thörn, poesi og elektronikk Inga Stenøien, gitar Henrik Sandstad Dalen, kontrabass
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!