Holy Ghost Band
FOTO · HOLY GHOST BANDJK · 2026
✦ Jazzkafé

Holy Ghost Band


Dato
laurdag 30. mai 2026
Tidsrom
14:00-16:00
Stad
Tredet
Om konserten

Laurdag 30. mai inviterer Jazzklubben til konsert med Holy Ghost Band. Bandet lovar ein sommarleg og stemningsfull konsert på Tredet i Volda. Publikum kan vente seg ei variert musikalsk oppleving med både eigenkomponert materiale og tolkingar av kjende artistar som Santana og Bob Dylan.

Bandet er kjend for å skape ei varm og inkluderande atmosfære, der musikalsk kvalitet og speleglede står i sentrum. Bandet spelar to avdelingar, slik at det også blir god tid til sosialt samvær og moglegheit til å nyte serveringstilbodet på Tredet.

Holy Ghost Band består denne dagen av:

  • Herman Klungsøyr (gitar),
  • Peter Demirov (tangentar),
  • Magne Grimstad jr. (bass)
  • Hans Olav Vattøy (trommer)
  • Åge Grimstad (perkusjon).

Bandet ser fram til å møte publikum i Volda og lover ein kveld med god musikk, energi og ekte speleglede.