Hanna Paulsberg – Belonging
FOTO · HANNA PAULSBERG – BELONGINGJK · 2026
✦ Kveldskonsert

Hanna Paulsberg – Belonging


Dato
laurdag 7. november 2026
Tidsrom
20:00-22:00
Stad
Tredet
Om konserten

Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!

I 1974 spelte Keith Jarrett, Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen inn det ikoniske albumet Belonging i Arne Bendiksen Studio i Oslo. 50 år seinare hyllar fire av Noreg sine aller fremste jazzmusikarar denne klassikaren!

Prosjektet starta som eit storslått bestillingsverk til Oslo Jazzfestival i 2024. Konserten vart ein ellevill suksess med smekkfulle hus og fantastiske tilbakemeldingar frå både publikum og meldarar. Då Jazz i Norge meldte frå konserten, spurde dei like godt: «Trenger man Garbarek når man har Paulsberg?»

Nå rullar suksessen vidare, og kvartetten kjem til oss med ein utvida konsert! Dei spiler heile Belonging-plata frå start til slutt – inkludert perler som «Long as You Know You’re Living Yours», «Blossom» og «The Windup» – i tillegg til andre udødelege favorittar frå Keith Jarrett sin katalog.

Gjer deg klar for ein kveld fylt med det opne, lyriske og melodiske universa som definerte den nordiske ECM-lyden på 70-talet, levert i spilllevande og personlege tolkingar frå eit sylskarpt lag!

Medverkande:

  • Hanna Paulsberg – saksofon
  • Vigleik Storaas – piano
  • Trygve Fiske – kontrabass
  • Hans Hulbækmo – trommer

Tjuvlytt og les meir