
FOTO · GRøNMYR & DAHL DUOJK · 2025
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Ta turen til Tredet der vi i samarbeid med Øyralangs kan invitere til konsert med to av landsdelen sine fremste jazzmusikarar på scena. Grønmyr og Dahl går i Bill Evans og Jim Hall sine fotspor når dei stiller opp med piano, gitar og songskattar frå amerikanske jazz standardar. Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Jazzklubben har gleda av å invitere til vi jazzkafé i sambarbeid med Øyralangs 2025. Grønmyr & Dahl duo byr på improvisasjonar og samspel av høg klasse og reknar med at publikum dreg kjensel på gode gamle slagarar. Pianist Norvald Dahl er i frå Fosnavag og har gitt ut sitt fjerde album som musikalsk leiar. Han fullførte i 2019 Mastergrad i jazzpiano ved Norges Musikkhøyskole og har tidlegare studert jazz ved både Rogaland Musikkonservatorium og NTNU- Trondheim. Dahl har dei siste åra vore ein aktiv freelance musiker og pedagog, og har i tillegg leia ei rekke spennande musikalske prosjekt av både nasjonal og internasjonal karakter. For tida er han aktuell med trioen «Pandemic Solution», saman med Ingebrigt Håker Flaten og Håkon Mjåset Johansen, og dei har akkurat gitt ut sitt debutalbum «Afterdog» på eige plateselskap; Blåmann Records. I fjor heldt Dahl heile 16 konsetar med soloprosjektet «Flying High». Frode Grønmyr har lang fartstid som profesjonell gitarist og har spelt hundrevis av konsertar innan pop, rock, latin, folkemusikk og jazz. Grønmyr er ein sentral del av jazzmiljøet i Ålesund og har vore involvert i prosjekt som mellom anna District Nine og turnert med jazzorganisten Palle Wagnberg.
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!