
FunkUps har som vanleg lege i hardtrening, med innlagt høgdeopphald, og stiller med nybørsta sko og vasskjemd hår (dei som har hår igjen…).
Vi ser fram til å starte jazzcafe i Volda og stiller med funkinspirert jazzsoul, og nokre vokale islett.
FunkUps er:
Svein Ole Hunnes, bass
Stein Lied, trommer
Øyvind Lied, tangentar
Svein Olav Kruse, gitar
Ivar Kvangardsnes, trompet
Ulf Kristiansen, saksofon
André Folkestad, trombone
Andre konsertar i programmet

SKO – Sunnmøre komponistorkester
Jazzklubben startar jubileumshelga med ein konsert med eit knippe lokal(regional)e heltar som har samla seg i ensemblet SKO – Sunnmøre Komponistorkester. Lena Nymark er opphavskvinna til idéen med orkesteret – som skal gje musikarar i regionen høve til å skrive for større ensemble.Dei har allereie hatt fleire konsertar, men berre i Ålesundsregionen så det er kjekt å lokke dei innom storfjorden, til oss i Ørsta Volda. Bandet består av:Kåre Nymark (trompet),Håkon Hagen Knudsen (sax,bassklarinett),Lena Nymark (sax og vokal),Klaus Blomvik (trommer),Lars Martin vik (kontrabass, bass IV)Torgeir (på pedal steel og gitarer)

Jubileumsparade
Bli med Jazzklubben gjennom Volda sentrum, swing deg gjennom laurdagstrimmen (eller gå heilt normalt).

JUBILEUMSJAZZKAFE med UBERJAM og Jazzprat om 50-åringen
På femtiårsdagen til Jazzklubben må det sjølvsagt vere Jazzkafé. Vi får besøk av Uberjam frå Ulsteinvik som spelar to sett, men imellom setta har vi invitert representantar frå Jazzklubben si historie til ein utvida Jazzprat. Her kjem vi til å få høyre frå Jazzklubben si spede byrjing og fram til i dag.