Fieldfare
FOTO · FIELDFAREJK · 2015
✦ Kveldskonsert

Fieldfare


Dato
torsdag 22. oktober 2015
Tidsrom
21:00-22:30
Stad
Rokken
Om konserten

«Fieldfare er eit ungt og friskt band beståande av fire hyggelege personar som møtte kvarandre i Trondheim i 2013. Bandet er leia av Kjetil André Mulelid som starta prosjektet med ein tanke om å lage låtar som fengar dei fleste, men med opne rom for improvisasjon og eit utvida harmonisk klangbilete. Dette starta først med eigne arrangement av gamle kjende låtar, men førte etter kvart bandet i ei naturleg retning kor eige materiale kom sterkare i fokus. Arrangementa og låtane hentar mykje inspirasjon frå popmusikken si oppbygning og struktur, men med krydder av jazzharmonikk, eit snev av odde taktartar, og eit fokus på samspel der vokalen er i front. Fieldfare skapar på denne måten eit musikalsk bilete beståande av ei salig blanding av pop, jazz og R&B.» – Musikkavisen