Emmeluths amoeba (20:00) / Årsmøte (18:00)
FOTO · EMMELUTHS AMOEBA (20:00) / ÅRSMøTE (18:00)JK · 2026
✦ Kveldskonsert

Emmeluths amoeba (20:00) / Årsmøte (18:00)


Dato
fredag 13. februar 2026
Tidsrom
20:00-22:30
Stad
Rokken
Om konserten

Jazzklubben Volda Ørsta Velkomne til årets første konsert og årsmøte, alt på ein fredagskveld. Kom! Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Jazzklubben startar våren med eit smell i det vi vel å kalle jubileumsåret 2026. Emmeluths amoeba bør du ikkje gå glipp av! Vi kombinerer fjorårets suksess med å kombinere konsert med årsmøte, så dersom du møter kl. 18:00 kan du få med deg begge deler. Sjå eiga utlysing av årsmøte i lokalpressa. Årsmøtedeltaking gir gratis inngang på konserten. Men så, kl. 20 startar jazzvåren virkelig når Signe Emmeluth m. band inntek scena. Emmeluths Amoeba er ein sterk dansk/norsk kvartett som består av fire av dei mest spennande musikarane på den skandinaviske scena akkurat no. Kvartetten jobbar med å kombinere komponert materiale med fri improvisasjon. Musikken kjennest som ei organisk livsform med sitt eige medvit, der ho rører seg og pustar, endrar form og farge etter eige ynske, og assimilerer seg til alt frå hard core frijazz til tradisjonelle jazzballadar, og kombinerer det heile med sitt eige, unike DNA. Energiske utladningar i musikken riv lyttaren med seg og etterlèt ingen uberørte. Gruppa består av medlemmar frå blant anna den danske supergruppa Efterklang, Megalodon Collective, Hedvig Mollestads Ekhidna, Skarbø Skulekorps og Trondheim Jazzorkester. Signe Emmeluth – altsax/komposition Karl Bjorå – guitar Ole Mofjell – trommer Christian Balvig – piano Foto: Chloë Delanghe