BlueNote 9 Jazzband
FOTO · BLUENOTE 9 JAZZBANDJK · 2025
✦ Kveldskonsert

BlueNote 9 Jazzband


Dato
torsdag 20. november 2025
Tidsrom
20:00-22:30
Stad
Rokken
Om konserten

Jazzklubben Volda Ørsta Set av datoen 20. november! Då skjer det noko heilt unikt på Jazzklubben i Volda. I ein alder av 82 år har trompetisten Leif Hogne Rygh teke initiativet til og etablert eit heilt nytt band: Blue Note 9. Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Dette er ikkje berre ein konsert; det er ei musikalsk markering og ei feiring av ein mann som har levd og ånda for jazzen i Volda i tiår. Leif Hogne Rygh er ein bauta i det lokale jazzmiljøet. Han har spelt store delar av livet, og no, i sitt 82. år, er lidenskapen sterkare enn nokon gong. Det var Leif Hogne som i si tid var med å starte den aller første jazzklubben i Volda, «Jazzklubben Fredag 13.». Den klubben vart forløparen til den høgst oppegåande «Jazzklubben Volda Ørsta» som vi kjenner i dag, og som kan feire sitt 50-årsjubileum i 2026. Når Leif Hogne no samlar troppane, er det med andre ord ei historisk linje som blir trekt opp. Til denne konserten har Leif Hogne plukka ut eit repertoar han brenn for, og han har handplukka musikarane han meiner er dei rette for jobben. Publikum kan vente seg ein kveld der Rygh sjølv ikkje berre trakterer trompeten, men også vil guide oss gjennom konserten og presentere låtane med historiene bak. Og for eit lag han har fått med seg! Blue Note 9 tel (trass namnet) heile ti rutinerte musikarar som saman vil skape eit tett og rikt lydbilete. Det ryktast til og med at det kan dukke opp ein spennande gjest… På scena 20. november møter du: Leif Hogne Rygh: Trompet og musikalsk leiar André Folkestad: Trombone Ulf Kristiansen: Alt saksofon Tor Grunde Simonsen: Tenor saksofon Dan Bjørneset: Baryton saksofon Ivar Kvangardsnes: Trompet Per Gunnar Flø: Trompet Svein Hunnes: Bass Jon Inge Leira Bjøringsøy: Piano Carlos Alberici: Trommer