
FOTO · AUDUN AUTOMATJK · 2025
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Med god trøkk i bassen og fresande Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – med sitt tredje album Uflaks. Med røter i jazzestetikken frå 70-talet, er musikken likevel frisk, moderne og overraskande! Her får ein lyriske perler, heftig riffbasert energi, sterke solistar og eit drivande komp! Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i jazzestetikken frå 70-talet, men musikken er samtidig frisk, moderne og full av overraskingar. Her får publikum alt frå lyriske perler til heftige, riffbaserte energiutblåsingar, levert av sterke solistar og eit drivande komp. Bandet blei starta av bassist, komponist og bandleiar Audun Ellingsen frå Ørsta, inspirert av Charles Mingus sitt kompromisslause uttrykk. Etter kritikarroste plater i 2008 (Night Creatures) og 2011 (Inside the Beehive) har bandet vore i dvale nokre år. Men i 2024 kom endeleg oppfølgjaren Uflaks, ei feiring av dei uventa glimt og tilfeldigheiter som oppstår både i livet og i musikken. På scena møtest fem av jazz-Noreg sine mest vitale musikarar. Erlend Slettevoll frå Volda er ein meister på Fender Rhodes, medan Torstein Lavik Larsen på trompet og Jørgen Mathisen på saksofon (kjend frå m.a. Krokofant) utgjer ei uimotståeleg frontlinje. Bak dei driv Ellingsen sjølv saman med trommeslagar Ole Mofjell, som er blitt lagt merke til for sine eksplosive rytmeutfaldingar med bl.a. Hedvig Moldestad. Anmeldarane har teke imot Uflaks med begeistring: «Musikken låter uanstrengt energisk. Tilbakelent, men også eruptiv og frisk.» – Arild R. Anders, Jazznytt «Moderne mainstream som hentar inspirasjon fra både 1960- og 70-talet, og som er både frisk og kreativ.» – Lars Mossefinn, Dag og Tid «Dette er enkelt og greit livgivende og inspirerende musikk… Audun Automat er både en tradisjonsbærer og forlenger av et tidløst og livsbejaende musikkuttrykk.» – Tor Hammerø, Nettavisen Kjøp billettar på Tikkio. Audun Automat er: Jørgen Mathisen – saksofon Torstein Lavik Larsen – trompet Erlend Slettevoll – Fender Rhodes Audun Ellingsen – bass Ole Mofjell – trommer (fotograf: Isak Uyar Orestad & Noah Gylver @ Kolonihaven).
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!