
FOTO · AFROBASSJK · 2025
Om konserten
Jazzklubben Volda Ørsta Vel møtt på Stødt Bar og Scene til konsert med Afrobass, ein forrykande aften med ørkenblues, jazz, afrobeat med meir! Stødt bar og Scene, Ørsta, Ivar Aasen-gata 18, 6150 Ørsta, Norway Jazzklubben Volda ØRSTA har gleda av å ynskje velkomen til konsert på Stødt Bar & Scene, i samarbeid med Musikk i sentrum. Til denne andre konserten i haustprogrammet får vi besøk av ingen ringare enn Afrobass, som er tittelen på det siste prosjektet til bassist og komponist Lars Martin Vik. Ivrige jazzklubbarar vil kjenne han igjen frå konserten vår med Vegard Holum sitt Chet Baker-prosjekt før i vår. No er det Lars Martin som inviterer Vegard med til Afrobass, der han også sper han på med det som må kallast eit stjernelag av musikarar. Saman står dei for eit heilt nytt uttrykk, der ein blandar ørkenblues, jazz, afrobeat, soulmusikk og vestafrikansk dodo (munnharpe) saman til ei herleg boblande gryte. Dei fleste medlemmane har ei tilknytning til Møre og Romsdal, utanom den Ivorianske multiinstrumentalisten Kouambe Sereba, og rytmetoget, trønderen og ex- Motorpsychoen Kenneth Kapstad. Dette blir spanande, kult, fint og gøy. Ta turen! Lars Martin Vik- bass Kenneth Kapstad- trommer Hedvig Mollestad- gitar Kouame Sereba- dodo, kalimba, vokal m.m Vegard Holum, trompet, perkusjon, vokal Elisabeth Lid trøen, saksofon Konserten er støtta av Møremusikarordninga.
Sjå òg
Andre konsertar i programmet

Joikelek og trommetrær!
Velkommen til en verden der natur blir musikk – og musikk blir historier! Her vet verken utøvere eller publikum hva som kommer til å skje. Det eneste vi vet er at det blir spennende, morsomt, vakkert og virtuost.

Hanna Paulsberg – Belonging
Belonging 50 år – Keith Jarrett sine klassikarar på ny!